Lionel er ikkje her. Cristiano er ikkje her. Didier er ikkje her. Ingen Wayne. Ingen Mesut. Ingen Esteban. Ingen av dei er her. Ingen av dei vil komme. Vi kjem heller ikkje til å sjå snurten av José, Arsene eller Alex. Ingen Sergio, John Obi, Martha eller Maicon. Ingen direktørar, ingen agentar, ingen Sepp.
Dette er nord for Messi, bortanom Bosman, ein stad langt vest for meisterligaen. Her er ingen gelé i håret, ingen Ferrariar som flerrar opp dagen etter ei treningsøkt. Ingen diamantar i øyreflippane. Her er ingen autografskriving, ingen VIP-losjar. Bare tresmak i ræva og lunken kaffi i pausen.
Bare vi er her. Kanskje ein Geir er her. Kanskje ein Ola. Kanskje ein Johnny som kjem innpå. Muligens ein Kjell Ove som blir joker i sluttminutta. Kanskje utgjør Mette, Bente, Kari og Charlotte ein flat firar. Dette er norsk stilleben. Dette er norsk gras, norsk sidelinje, norsk von om betre tider. Norsk fotball er ein arbeidsmann som kjem ruslande ut på matta. Klar for å slåst mot tyngdekrafta og ein ball som aldri sprett slik han skal.
Denne kjærleiken blir verande i bodyen. Kjærleiken til 22 par fotballskor som spring ut av garderoben, gjennom regnet, ut på banen. Ut for å skrive poesi med beina. Så mykje anna forsvinn. Hitlåtar forsvinn. Kjærastar forsvinn. Regjeringar kjem og går. Renta stig og synk. Ekteskap kan knirke og smelle med dørene.
Kjærleiken til fotballen blir verande. Korfor? Eg veit ikkje, men det held lenge å sjå den tause fotballbanen i skogholtet. Den trauste tribunen med haustlauvet spreidd rundt. Den vesle bua som skal huse ein entusiastisk speaker. Benkar i alle mulige former som ventar på at nokon skal komme. Det er ein stille song om von, forventningar, drømmar.
Å sitje på dei harde benkane. På dei kvite plaststolane. På dei snåle stillasa. Under telefontrådane. Under reklameskilta til Fagmøblar og Coopen. Å vente på at sesongen skal starte. Å vente på at ditt eige lag skal komme ut på banen. Å vente på at dommaren skal blåse kampen i gang.
Eg trur at det er så enkelt og så vanskelig som det. Fotball handlar om håp. Ei tru på at noko vedunderlig skal skje. Det kan gå vegen. Det kan gå. Det kan. Det kan bli siger. Det kan bli opprykk. Det kan bli kvartfinale. Sannsynligvis går det til helvete, alt tyder på det, men det kan gå. Det kan gå.
Eg hugsar kampar og triumfar. Eg hugsar cupoppgjør og nederlag. Eg hugsar dugnad og vaffelsteiking. Mål og straffemiss. Trening og krangling. Sure sokkar og skeive smil. Eg hugsar korleis hjartet slo raskare heime i gata bare namna på bestemte spelarar blei nemnt. Liam Brady. Alan Kennedy. Charlie George. Tony Currie. Billy Bremner.
Fotballen var den første kjærleiken, det aller første kysset. Kvar laurdag ettermiddag slo vi på tippekampen med ein far sovande i godstolen, med ein storebror full av laurdagsgodt liggande i sofaen. Kvar laurdag drømte vi oss vekk på graset. Vått gras. Tørt gras. Gras med rim i. Same det. Bare det var engelsk gras.
Kvar laurdag kom heltane våre ut på det graset. Spelarane var tannlause jæklar med digre kinnskjegg. Ballen kunne forsvinne i tåka. Fotballstøvlane sat fast i gjørma. Det gjorde ingenting. Det var kjærleik i pur form. Hjarta banka i tv-stova. Etterpå spelte vi sjølv. Nede ved elva. På den gjørmete banen. I skumringa. Forsøkte å herme etter heltane våre.
Føtene må vere noko av det mest underutvikla som finst på mennesket. Kva kan ein eigentlig bruke føter til? Gode til å løpe på, fine til å gå ein kveldstur med, suverene om ein skal komme seg bort til kjøleskåpet for å hente ei øl. Men elles? Har du nokon gong hørt om ein verkelig fantastisk fotmålar? Skapte Michelangelo sine skulpturar med tærne?
Mennesket er ikkje skapt til å spele fotball. Det kan umulig ha vore meininga at vi skulle spele fotball. Handball, ja. Basketball, ja. Volleyball, ja. Sandvolleyball, tja. Fotball, nei. Å tvinge folk til å bruke føtene i ballspel opnar for ein heil masse flaks, uflaks, rot og rør. På basketbanen vinn alltid eit godt lag over eit svakt lag. I handball er det same greiene.
Men på fotballbanen veit ein ikkje. Ein kan ha flaks. Ein kan ha dagen. Sjølv dei aller beste spelarane kjem forbausande ofte til kort ute på ein fotballbane. Dei er utrulig gode, men dei kan også vere utrulig dårlige. I fotball veit ein aldri. Ein kan spele over evne, ein kan ha griseflaks, ein kan nå finalen utan å ha skapt så mykje som ein målsjanse.
Som no i juli. Det skulle ikkje vere mulig. Bare hør. Første straffe: Elano bommar. Andre straffe: Thiago Silva bommar. Tredje straffe: Andre Santos bommar. Fjerde straffe: Fred bommar. Fire straffebom på rad, og Brasil er utslått av Copa America, den viktige søramerikanske meisterskapen.
Eg sat der i sofaen og trudde ikkje kva eg såg. Nokre av verdas beste fotballspelarar bomma på fire straffar på rad for Brasil. I alle dagar. Kva skjer her? Dette er jobben deira, desse brasilianerane trener på dette kvar einaste dag, dei tener sikkert det tidoble av kva president Dilma Rousseff gjør heime i Brasilia. Dei spelar ein viktig kvartfinale mot Paraguay, det er bare 11 meter frå straffemerket bort til målet.
På Wikipedia står det om straffespark: Som regel blir det mål. Nei, det blir ikkje det. Ikkje her. Ikkje no. For eit fantastisk syn, fire straffespark og ingen av dei går i mål. Eg trur nesten vi må ta dei i sakte film. Elano som skyt himmelropande over. Thiago Silva som sender ei lørje rett på keeper. Andre Santos som knallar ballen over og så klagar på dekket. Fred som har verdas lengste tilløp, men som skyt håplaust utanfor til venstre.
Motstandar Paraguay kunne ta seg til semifinalen utan å ha vore nær Brasils mål gjennom 120 minutt. Heller ikkje i semifinalen produserte Paraguay ein einaste målsjanse, men gikk til finalen via endå ein straffesparkkonkurranse. Det er fotball. Sjølv dei beste fotballspelarane blir til menneske når dei må gå ut på banen og gjøre jobben med føtene. Det er vondt å sjå på, det kan vere komisk, det kan vere irriterande, men det er høgst menneskelig. Det er fotball.
Dette er den mest hjartelause lovnaden i demokratiet: Alle kan bli akkurat det dei sjølv vil. Frå alle kantar blir vi pumpa fulle av dette, vi kan styre våre liv slik vi sjølv vil, vi kan ønske oss noko og så kan vi bli det. Men straks vi kjem til verda, er det ei rekke mekanismer som kontrollerer oss. Vår ferd er bestemt av kven som føder oss, kva klasse vi hører til, kor vi blir født.
Fotballbanen er ein arena der denne lovnaden ikkje er heilt utan innhald. Det er faktisk mulig å lykkast, å stige opp, å bli noko anna. I dei tette, harde arbeidarklassestrøka er fotballen eit sosialt lim, men også ein av få vegar ut. Det er håp. Det er mulig. Fotball er ein måte å vise eliten at ein faktisk er nokon, at ein verkelig duger.
Nokre av verdas aller beste spelarar kjem frå nabolag der det er fotball eller ingenting, der det er trøye nr 10 eller sosialen. Plassar der ein nektar å akseptere at andre folk er overlegne, at ein sjølv ikkje har ei framtid. Ta til dømes ein Wayne Rooney som med eit skremmande halvflir tok seg ut av bakgatene i Croxteth i Liverpool, eit av dei røffaste byområda i Europa. I dag kjører han Porsche, forsøker å snyte på skatten og har råd til å få nytt hår til å gro på hovudet..
Slik er fotballen. Ein må gripe sjansen. Ein må gjøre det beste ut av det vesle ein har. Ein må gå i krigen. Ein må gå ut på banen for å vinne sjølv om ein i forrige kamp tapte med 0-7. Kvar kamp lever sitt liv. Kvar ball må vinnast. Ein må jage ballen, springe til beina dovnar, jobbe til hovudet forsvinn i tåke.
Eg er 50 år no. Eg trur ikkje på gud, statsministeren, opposisjonen eller børsen. Eg trur framleis på fotball. Det hender eg stansar ved min barndoms fotballbane, på Hjøllo i Odda. Nede ved elva der pasningane no har rusta og skudda er dekte av frost. Eg hugsar at vi gikk annleis etter å ha sett kampane på tv. Vi sprang annleis, vi skaut annleis, vi rørte oss supersonisk på vårt aller vakraste i skumringa mellom to heimesnikra mål.
Fotball er eit enkelt språk, fotball er ein streit geografi. I fotballen tel ikkje alle slags finurlige analysar, ein kan stable så mange statistikkar oppå kvarandre som ein bare vil, det spelar inga rolle kor mange pokalar ein har ståande i skåpet på klubblokalet. På eit eller anna tidspunkt må lagets kapteinar gå ut av statistikkane, ut av forventningane, ut av spekulasjonane.
Dei må gå inn på banen, inn i midtsirkelen, helse på dommaren, velje side. Så er det elleve mot elleve. Det er fotball. Alt kan skje. Smågutelaget kan drømme om å bli krinsmeister. Juniorlaget kan drømme om kvartfinale i cupen. Sjettedivisjonslaget kan drømme om høgare divisjonar. Tredjedivisjonslaget kan drømme om Adecco-liga. Eliteserielaget kan drømme om Europa.
Det går sikkert ikkje. Det er gjerne eit luftslott. Kanskje må ein faktisk stikke fingeren i sekstenmeteren og legge seg resignert i det våte graset. Men du veit aldri. For fotballkampen er alltid bortanfor prognosar og preik, hinsides oddsvurderingar og ekspertkommentarar. Det er det vakre med fotballen. Det er det suverene.
Slik er spelet på grønt gras. Om ein tapar, får ein alltid ein ny sjanse. Før nederlaget, fanst det ein kjempesjanse. Og før kjempesjansen, fanst trua på at det skulle komme ein kjempesjanse. Før bortforklaringane etter kampen, fanst det ein kamp. Det fanst ein plan før kaoset. Og før den planen, fanst det eit medaljehåp.
Det fanst ein heilt utrulig dommartabbe før laget fikk 0-4 i sekken. Det var ståande applaus før pipekonserten. Det var ei praktskåring før det kom tre baklengs. Før den irriterande offside-avblåsinga, fanst jubelen. Før det raude kortet, eit gult kort. Før keepertabben, ein keeper. Før trenarbyttet, full tillit. Før nedrykket, ein teoretisk sjanse til å overleve.
Nei, det tar aldri slutt. Etter pause kjem ein ny omgang. Etter andre omgang kjem tilleggstida. Etter tilleggstida, kjem det kanskje endå nokre sekund. Etter denne kampen kjem endå ein kamp. Etter denne sesongen kjem ein ny sesong. Det er ikkje over, det tar aldri slutt.


